
Så eigentleg skulle jo dette vere enkelt for meg. Det var jo berre å vise til at det sjeldan eller aldri fører noko positivt med seg viss ein prøver å forsvare seg ved å å rakke ned på andre på sosiale kanalar. Rådet mitt ville jo då vere først å ikkje gå inn på den type forsvarstaktikk og når så galt har skjedd, å krype til korset å beklage.
Men før eg konkluderte så tenkte eg at eg fekk sjekke statusen på denne restauranten si facebookside per dato. Rekna jo med at den var nedlagt, men at kanskje sida framleis var oppe og hadde nokre interessante sår...
Vart difor særs overraska når eg såg at både sida og restauranten framleis er oppe og går - og at eigarane no har fronta kampen på ny. Om enn i noko rolegare form, men like fullt: dei har tydelegvis satt seg som mål å pirke i giganten Yelp.
Under den heitaste striden hadde facebooksida deira i underkant av 3000 tilhengjarar. No har dei over 118 tusen likes. Ikkje overraskande i og med at dei er slakta nord og ned for strategien sin. Men kva skjer no? Faktisk kjenner underteikna eit snev av forviteskap og medkjensle for desse to stakkarane som ikkje veit sitt eige beste og som har satt seg opp mot både nettroll og gigantselskap. Viss eg skulle forville meg inn på deira område fysisk så ville eg garantert ha tatt meg ein tur innom denne berykta restauranten for å sjølv kjenne på den "elendige" servicen dei har. Og eg er ikkje åleine! Framleis er det mange reddik-kommentarar som meinar at eigarane er klin kokos, men stadig fleire stiller spørsmål ved testane og framgangsmåten til Yelp.
Så kanskje regelen om at ein skal legge seg flat og ikkje ta til motmæle i sosiale kanalar er svada? Viss ein berre er sta nok og held på sitt lenge nok?

For skikkeleg å godgjere dei som har forvilla seg inn på sida di, kan du sørge for at eit popupvindauga sprett rett i fleisen på vedkomande når ho forlet sida di. Der kan du be vedkomande ryke og reise eller du kan oppmode ho om å registrere seg for å få meir informasjon. Nettsida 









Som nettredaktør og webutviklar har eg nytta meg av RSS eller newsfeeds i mange år. Å kunne hente inn feeds frå ei temaside direkte inn på firmaet si webside eller intranett forenklar arbeidet til nettredaktøren / nettjournalistane. Alternativet ville vore å søke desse fram sjølv og så legge dei ut på nettsidene. Etter kvart har det utvikla seg gode RSS-lesarar slik at alle kan lage sine eigne søk og få desse presentert lokalt hjå seg sjølv. Det fine med det er du no kan lage di eiga nyhendeside der alt du har interesse av å vite om vert lagt inn på ei tilpassa visningsside for deg.
