No vart du skrømt, ja! At underteikna skulle kaste seg inn på eit så seriøst tema?
Vel, vel! Du skjønar sikkert at det er studierelatert. Ei av innleveringsoppgåvene mine i sosiale medier er å søke fram aktørar som viser til begrepet forventningsfaktorar som ein del av den forretningsmessige bruken av sosiale medier og så skal eg kommentere den i min blogg.
Eg har valgt Tine sin blogg om "sunnhet"
Kva er så "forventningsfaktorar"? Det kan vel diskuterast, men i min leksjon har forfattaren vist til authenticity, transparency og engagement som han har tolka som truverde, gjennomsiktigheit og medverknad. Når eg ser på den nemnde bloggsida til Tine (dei har fleire ulike bloggsider som tek for seg ulike tema), så synest eg den scorar bra på alle dei tre felta truverde, gjennomsiktigheit og medverknad. Den har ein personleg tone (skribentane er på førenamn) og den ser ikkje ut til å filtrere vekk negative kommentarar. Faktisk støttar dei opp under slike kommentarar og lovar å undersøke nærare.
Går ein eit steg attende til TINE si hovudside, så ser ein at dei har tatt sosiale medier på alvor. Dei har ei eiga side med oppsummering frå det som skjer på deira sosiale sider og lenker til alle sine sider på ein ryddig måte.
2 kommentarer:
Hehe.. Måtte bare velge denne å kommentere på etter å ha lest en hel del av bloggene til våre medstudenter. Var masse spennende å lese, men rett før denne leste jeg på bloggen til ei av de andre damene at hun lovet å holde seg unna alt som var vanlig for oss damer å blogge om, nemlig kosthold og sunnhet osv :)
Derfor fant jeg denne bloggen til Tine litt artig etterpå. For vi kan faktisk klare å kombinere både it-faglig relevans og sunnhet/mat allikevel.
Nå skal jeg bruke resten av kvelden på å lese meg opp på hva Tine mener jeg skal spise.
Flott og godt forklarende innlegg fra deg også.
Legg inn en kommentar