@stmarthinsen fekk meg på kroken fordi han hadde eit ekstremt engasjement under
valet. Han titulerer seg som valanalytikar i sin profil.@someliten tar såkalla SoMe-ekspertar på kornet og harselerer ein del med desse.
@hpnhansen er ein av dei @someliten harselerer med. Men hr. Hansen har sjølvironi nok til å ta denne vidare inn i sine bloggar/tweets.
@geirtangen er min bokbloggande bror som brukar sosiale medier for alt det er verd og kanskje litt til.
@trondheim og @bergenkommune har eg valgt sidan mitt daglege virke er som informasjonsmedarbeidar i ein kommune.
@hordalandpoliti er førebels den einaste twitterkanalen som har imponert meg. Dei sender ein straum med politimeldingar non stop.
@holmhelgesen valgte eg fordi eg var sikker på at han var ein av desse som prøver å skape seg eit namn og eit levebrød som sjølvutnemnt SoMe-ekspert, men eg er ikkje så sikker lenger..
@kabuso06 vert valgt fordi det er ein lokal/regional kulturinstitusjon som har eit aktivt forhold til sosiale medier.
@ceciliestaude kom inn i min kjerne fordi ho presenterte ei undersøking på BI relatert til SoMe.
@krohntraseth og @bentgjendem vekte mi interesse i ein tweetkonversasjon om nett- trollet.
@wallinga er eg usikker på kvifor eg tok med - tenker det var den tøffe profilsida :)
@KjellTech er jo prototypen på alle typar ekspertar; anten dei er på SoMe eller på dating.
@kjellan er med som alibi innan dibeduttar. Fylg med, fylg med - dette kan bli kleint...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar