mandag 4. november 2013

Fata morgana

Ordspel er kjedelege og treff sjeldan godt. Problemet med ordspel er som oftast at avsendar undervurderer mottakar og difor forklarar kva meininga med bruken er eller at ordspelet er så platt at det høyrer heime i småskulen.

Denne gongen skal eg prøve å vinkle innlegget mitt positivt og verkeleg dra fram gode døme på korleis ein kan nytte Facebook som marknadsføringsarena - trur eg...

Først ynskjer eg å dra fram ein liten godbit som viser at det faktisk er mogeleg å kome seg ut i den store verda via FB. FeelGood Store på Finnsnes (seier seg sjølv at den klesbutikken ligg der) har hatt suksess på FB. Faktisk har dei via sosiale medier skaffa seg kundar både i Oslo og Porsgrunn! Ikkje så mange, men likevel...

Så var det oppskrifta på det gode liv som Britt og Ceila her har funne ut av. Under her har eg kopiert/redigert/laga ei 8-punkts liste som kanskje kan hjelpe deg på vegen:

1. Opprett ei informativ og attraktiv FB-side
Hadde me stoppa ved første delen, så kunne jo dette punktet vore overkomeleg. Me kunne ha informert om opningstidene, om kven som arbeider hjå oss, om produkt og prisar og kanskje til og med litt kontaktinformasjon i tilfelle einkvan ynskjer å ta kontakt med oss utanom sosiale medier. Men så var det dette med attraktivitet då. Ho mor er stadig innom mi FB-side, men eg trur ikkje det er fordi sida mi er så attraktiv. Viss eg skal få andre sine mødre inn på sida så må eg nok ta nokre grep. Har eg kompetanse til å gjere sida attraktiv? Kva skal til for å få den attraktiv? Så allereie her under delpunkt 1 byrjar kronene å rulle. Eg må leige eit konsulentfirma som skal analysere kva som er kriteria for å få sida attraktiv og så må eg sikkert hyre inn eit designfirma som visualiserer det konsulentfrmaet har kome fram til.

2. Finn målgruppa di
Her kjem ho mor inn! Dette punktet kan eg kanskje ordne sjølv, eller? Kva viss eg veit at eldre damer er mi målgruppe - kva gjer eg så? Stiller opp med flyers og stands på møter i saniteten eller annonserer på Facebook med Facebook Ads?

3. Relevant og verdifull informasjon
Når du har funne målgruppa di må du vise at det du har å kome med er relevant for målgruppa. Her er det også ein del fallgruber. Viss du har produkt som målgruppa siklar etter så hadde du truleg ikkje hatt trong for ei FB-side for å marknadsføre produktet. Dermed balanserer du på ein knivsegg når du no skal fronte ditt produkt for målguppa di og likevel framstå som truverdig. Reine salslenker til din nettbutikk vil bli sett på som rein spam. Fokuser heller på å forklare kundane kvifor dei skal kjøpe dine produkt eller tenester. Som sagt litt vrient ut frå truverde, men stå på.

4. Deling
Det ligg nedarva hjå oss å dele. Me er eit folk av deling. Frå urtida så har me delt det me har mellom oss - etter kvart helst det me ikkje ynskjer sjølve, men likevel. Her er det mykje å hente i sosiale medier - akkurat fordi ein kan dele utan at ein ofrar noko sjølv. Skulle det vere nokre utrivlege sjeler som absolutt ikkje vil dele, så kan du legge inn ekstra pådrivarar for deling via konkurransar på sida. Sørg for at både dine nettsider og alle dine sosiale medie-sider er pepra med delingsknappar. Bladet frå Finnsnes kunne med fordel ha tripla rekka med delingsbrytarar.

5. Hallo! Nokon heime?
Det er ingen vits i å etablere seg på Facebook viss ikkje verksemda er til stades og tilgjengeleg for kundar og lesarar. Invester gjerne i ekstra skjerm i sentralbordet slik at resepsjonisten kan utnytte dødtida til å svare på alle spørsmåla som måtte kome, det vere seg produktklagar, kjeft, skryt, delingar, eller hjarterekker. Det er ikkje sikkert at du treng å vere pålogga 24 timer i døgeret for å sjå om det er kome innlegg/spørsmål, men viss du klarar det så vil det betale seg - iallefall på timesetelen. Viss ikkje så hugs at den mest aktive tida på FB er mellom kl 18 og 20 - då må du iallefall vere på plass, for det er ikkje god FB-kutyme å kommentere innlegg som er eldre enn 8 timar.

6. Relasjonsbygging
For tredje gong er ho mor på plass! Ein treng støttespelarar for å oppnå suksess på Facebook. Bygg relasjonar med andre innan din bransje, men styr unna direkte konkurrerande verksemder vel og merke viss ikkje du trur at du har eit betre tilbod enn dei. Aktuelle relasjonsarenaer kan vere fagblad (i mitt tilfelle Pensjonisten og KK), foreninger (Saniteten etc.), organisasjonar og nettsider som skriv om bransjen generelt. Lag ferdige artiklar og send desse ut som pressemeldingar. Journalistar har det like travelt som oss andre, så ferdige artiklar for trykk er ei gudegåve til bransjen. Her kan det kome nokre kostnader med innleige av tekstforfattar og fotograf, men truleg vil det betale seg.

7. Kommunikasjon
Bruk eit direkte, laust og ledig språk, kall ein spade for ein spade og svigermor for akkurat det. Legg på hjarterekker og smilefjes for å vise emosjon. Svar alltid på spørsmål og innlegg som krev svar, men hugs FB-kutymen om kommentarar på gamle innlegg (8-timars regelen). Ikkje slett konstruktiv kritikk - hrmm.. kva konstruktiv kritikk er får du sjølv vurdere.

8. Regelverk
Les Facebook sine retningsliner, og set deg inn i kva reglar som gjeld for marknadsføring på Facebook. Bygg strategiar etter kva som er lov, og ikkje lanser di Facebookside eller kampanje før du er sikker på at den følgjer Facebook sine retningsliner. Kontakt gjerne fagfolk på førehand, slik at du er sikker på at sida di følgjer reglane, men hugs at også advokatar og rådgjevarar (SoMe-ekspertar - mooaahahahaha... :) skal ha til salt i grauten.


Til slutt vil eg sende ein stor takk til Sigve som mi liste har tatt utgangspunkt i og henta idear frå. Håpar du ber over med at eg har tatt meg til rettes.

torsdag 31. oktober 2013

Så var det på'an igjen..

Spam på Twitter!Eg var så pumpa og dritlei alt som heiter sosiale medier som eg nokon gong har vore etter fullføring av oppgåve 2 (eg trur iallefall at eg har gjort oppgåve 2). No føler eg meg klar igjen til å ta fatt på det vidare arbeidet med faget sosial medier. Problemet mitt, eller kanskje det heller er ein force, er at eg ikkje har sansen og heller ikkje trua på sosiale medier som fornuftige kanalar. Eg trur at i den forma det no er, så vert det ein flopp for firma som kastar seg ut i denne formen for marknadsføring. For meg så virkar iallefall både twitter og facebook som spam-kanalar; eg får like mykje drit inn på dei kanalane som eg får på eposten (sjekk skjermdumpen til høgre).

Heldigvis er oppgåva no å skrive eit bra blogginnlegg - og det er eg ubeskjeden nok til å sei at eg kan. Det hadde vore verre viss det vart krevd å skrive eit blogginnlegg om kor bra sosiale medier er som marknadsføringskanalar. Men det er altså ikkje oppgåva. Ja, kva søren var oppgåveteksten igjen; "Forstå mekanismene i nettverksbygging med Twitter" - det var det, ja.

Hmmm... forstå nettverksbygging i twitter? Eg har i meir enn ein månad fulgt dei fleste av some-ekspertane som faglærar viser til i oppgåveteksten. Mine røynsler er at dei har danna ein intern klikk som hyper kvarandre om kor bra og kor viktig det er å vere aktiv på SoMe og då særskilt på twitter. Sjargongen viser også at dei fleste av desse ikkje ser på seg sjølv som ein hvermannsen - trur nok ikkje dei har løfta seg heilt opp til Han der oppe, men dei ser iallefall ikkje på seg sjølve som ein del av ålmenta :). Sidan min blogg er særs kritisk til SoMe-kanalar og spesielt dei såkalla SoMe-ekspertane, så slit eg litt med å dra fram døme frå mitt persongalleri - det ville vere særs ufint å gjere det.

Kva med nettverksbygginga?
Oh shit! Det var jo det som var spørsmålet. Sånn generelt så trur eg at nettverksbygginga på Twitter fungerer omlag på same måten som på Facebook. Viss du er ven med meg så er eg ven med deg.

KjellTechEg kan ikkje sjå nokon annan grunn til at KjellTech skulle følgje meg på Twitter enn at eg allereie følgjer han (litt stolt av den :). Og det er neste stikkord - mange av dei eg har snoka rundt er stolte av at dei har fått den og den som følgjarar. Difor vil ein gjerne følgje personar ein ser opp til - ikkje berre for å sjå om vedkomande har noko fornuftig å kome med, men også for kanskje å få vedkomande på si eiga followliste. Ein tredje faktor som dreg folk er interessefelt. Driv ein med pistolskyting så vil ein naturleg nok fylgje med andre aktørar innan same idretten.

Kva så med firma som kastar seg inn på twitter-arenaen eller på facebook. Kvifor skal eg ha interesse av dei? Det har du heller ikkje, difor må det godteposar til for å vekke interessa di. Du må få noko igjen for at du skal halde ut med SAS-reklame på din twitterkonto. Og desse godteposane eksisterer - firma som har suksess på SoMe brukar kanalane til å marknadsføre tilbod, konkurransar og god gamaldags gossip.

Då var det gjort! På ny har eg dradd både deg og meg djupt ned i dei svartaste SoMe-tankane. Og det kjem eg nok til å gjere igjen og igjen og igjen - viss du gidd å henge med.




søndag 22. september 2013

Strategi for Kvam bowlingklubb si satsing på sosiale medier

Underteikna har tatt seg til rettes og formulert eit strategidokument for Kvam bowlingklubb si satsing på sosiale medier. Dokumentet er kun mine tankar kring eit slikt dokument og har ikkje forankring i noko vedtak i Kvam bowlingklubb. Du finn dokumentet her:

søndag 15. september 2013

Kvifor ein bedriftsstrategi om bruk av sosiale medier?

Tenk grundig gjennom om innsatsen det krev er verd gevinsten det kan skape for di bedrift. Ikkje ombestem deg kort tid etter lansering.
Denne teksten kom på siste foilen i ein presentasjon av Adecco Norge si satsing på sosiale medier. Eg meinar den høyrer heime på første side. Hypen i dag er at alle skal og må vere til stades på desse kanalane: "Er du ikkje til stades vil samtalen om deg gå uansett. Kom deg på plass og ta styring på debatten!". Men det kostar å vere der. Kommunikasjon er eit fagfelt. Du bør ikkje la dine kontortilsette pusse opp bedrifta sine lokaler. Du bør heller ikkje la tilsette utan kommunikasjonskompetanse ta seg av kommunikasjonen på sosiale medier. Difor må ein først av alt vurdere opningsutsagnet om gevinsten vil stå i stil til innsatsen.

KjellTech sin SoMe-strategi er enkel og effektiv. Mange "seriøse" aktørar har same filosofi

Har du tatt steget og sagt at firmaet går for denne satsinga, så må strategiplan utarbeidast.
  • Planen må forankrast i leiinga
  • Kor mykje tid skal organisasjonen avsetje til SoMe
  • Økonomien for satsinga må på plass
  • Bedriftens kjerneverdiar og generelle målsetjing må også gjelde i denne satsinga
  • Klargjering av kva sosiale kanalar ein ynskjer å vere til stades på
  • Kommunikasjonsstab må opprettast
  • Kommunikasjonstaktikk må velgast
    • Skal ein lage spesialtilbod på sosiale medier
    • Skal ein spegle den offisielle nettsida
    • Skal ein legge ut kontaktinformasjon
    • Skal ein kommentere alle innspel
    • Skal ein sensurere innspel
    • Kven og kor mange skal representere firmaet
    • Skal dei som representerer firmaet visast med namn eller berre firmanamn
    • Kva responstid kan brukarane forvente
    • ...
Dette var berre eit ørlite innblikk i kva som må på plass før ein går digitalt med SoMe. Ser ein på fire ulike SoMe-arenaer som Facebook, Twitter, YouTube og Blogg, så vil satsing på alle desse krevje eit kobbel av fagfolk.
  • Facebook er ein arena der ein treng gode tekstforfattarar og dyktige fotografar.
  • Twitter er vel den kanalen der gud og kvarmann kan gjere jobben. Denne kanalen vert stort sett brukt som meldingsteneste og til å lenke til interessante artiklar, filmar etc. Utfordringa på denne kanalen er det ekstremt høge tempoet.

    Politiet i Hordaland utnyttar tempoet på Twitter til fulle
  • YouTube er absolutt den dyraste arenaen då dei aller fleste må kjøpe det ein ynskjer å publisere. Eg skal ikkje prøve å definere alle profesjonar som må på plass for å lage gode filmpresentasjonar.
  • Blogg er også ein arena der spesiell kompetanse er eit krav. Å skrive gode tekstar (bloggar) er ikkje noko ein er født med. Det krevst at språket er godt, rett og direkte. Her også vil ein ha trong for gode bilete levert av fotografar. Slik det ser ut per dato så er dette den tøffaste satsinga og den som gjer minst gevinst i forhold til innsatsen. Stadig fleire firma prioriterer ned satsinga på blogg.
Dette innlegget kan oppfattast som ein advarsel mot å lansere firmaet på SoMe, men NEI - det er ikkje det eg meinar. Innlegget mitt er meint som eit varsku om at det er særs krevjande å gå digitalt på SoMe og at ein difor må ta akkurat denne biten med strategiplan på alvor. Me er alle på ein eller anna SoMe-arena og derfor er det lett å tenke at dette får me til. Men du får ikkje eit profesjonelt resultatet i heimen viss du samlar famile og vener til dugnad og pussar opp. Men moro vert det jo :)

PS! 15 timar førespegla faglærar på øving 2. No manglar eg berre eit svar; oppgåve 4 der eg skal publisere min strategi på SlideShare, men eg trur eg har brukt nærare 60 timar så langt. Viss alle øvingane i SoMe vert like omfattande, vert det ikkje mykje tid att til dei fem andre faga i studiet. Kom gjerne med kommentarar både på innlegget og PS'en.

lørdag 14. september 2013

Fifty shades or fifteen to follow?

I faget Sosiale Medier på mitt HIST-studie har me fått som oppgåve å fylgje femten aktørar på twitter. Deira tweets skal underteikna kommentere i fortsetjinga av denne oppgåve 2. Under her har eg kommentert kvifor desse er valgt ut. Illustrasjonen til høgre er ein collage av alle desse sine profilsider. Ynskjer du å sjå nærare på nokre av dei, kan du klikke på lenketeksten til brukarkontoen for kvar og ein.

Her er dei 15 som eg har valgt å fylgje:
@stmarthinsen fekk meg på kroken fordi han hadde eit ekstremt engasjement under valet. Han titulerer seg som valanalytikar i sin profil.

@someliten tar såkalla SoMe-ekspertar på kornet og harselerer ein del med desse.

@hpnhansen er ein av dei @someliten harselerer med. Men hr. Hansen har sjølvironi nok til å ta denne vidare inn i sine bloggar/tweets.

@geirtangen er min bokbloggande bror som brukar sosiale medier for alt det er verd og kanskje litt til.

@trondheim og @bergenkommune har eg valgt sidan mitt daglege virke er som informasjonsmedarbeidar i ein kommune.

@hordalandpoliti er førebels den einaste twitterkanalen som har imponert meg. Dei sender ein straum med politimeldingar non stop.

@holmhelgesen valgte eg fordi eg var sikker på at han var ein av desse som prøver å skape seg eit namn og eit levebrød som sjølvutnemnt SoMe-ekspert, men eg er ikkje så sikker lenger..

@kabuso06 vert valgt fordi det er ein lokal/regional kulturinstitusjon som har eit aktivt forhold til sosiale medier.

@ceciliestaude kom inn i min kjerne fordi ho presenterte ei undersøking på BI relatert til SoMe.

@krohntraseth og @bentgjendem vekte mi interesse i ein tweetkonversasjon om nett- trollet.

@wallinga er eg usikker på kvifor eg tok med - tenker det var den tøffe profilsida :)

@KjellTech er jo prototypen på alle typar ekspertar; anten dei er på SoMe eller på dating.

@kjellan er med som alibi innan dibeduttar.

Fylg med, fylg med - dette kan bli kleint...

onsdag 4. september 2013

Frustrasjon over (a)sosiale medier

Eg kan ikkje hjelpe for det - eg er rett og slett råskeptisk til denne hypinga av sosiale medier. Eit drøss av "ekspertar" fråtsar som villmenn på twitter og hausar opp ålmenta for å vise kor viktig det er å vere akkurat der, kvar dag og helst til ei kvar tid. Er du ute i 5 minutt har du mista det viktigaste, men fortvil ikkje - det står alltid ein some-ekspert klar til å hjelpe. Heldigvis er det ein og annan som prøver å stikke fingeren i jorda, mellom anna twitterprofilen @someliten som harselerer med fokuset på #some.

Ei av dei som prøver å lage seg eit some-namn, heldt på å ta livet av underteikna i fleire år med epost på epost på epost der ho skreiv kor dyktig ho sjølv var til å halde kurs om websatsing. Det gjekk jo pinadø ikkje an å stoppe dama. No frontar ho seg sterkt i sosiale medier som "ekspert" :D. Ho heiter IKKJE Tina Gran. Ein anna facebook-ekspert har satt seg fore å samle heile kommunenorge på fjesbokji. Nyleg sendte han meldingar til samtlege kommunar der han viste til ei undersøking han hadde gjort om kor dyktige kommunane var på facebook. Det vanka premie til alle kommunar som hadde svart han; premien var ei sortert liste over kor mange "likes" kvar kommunale facebookside hadde - jeezez!!


Sidan det er oppgåva vår, så har eg kasta meg med som fotfylgjar av nokre "ekspertar". Men eg kan ikkje akkurat sei at innlegga deira bidreg til å fjerne min skepsis til sjølve #SOME-begrepet. Sosiale medier kan vere eit bra verkty for både firma, lag og organisasjonar og private, men med det fokuset og med den armadaen av "ekspertar" som fenomenet og spesielt twitter no har fått, så kvir eg meg rett og slett til faget.

Vel, vel - det er ikkje kvar dag eg er i dette humøret (heldigvis :).

For å kome med noko konstruktivt og ikkje berre eder og galle så kan eg tipse om eit greit verkty for å følgje med på twitter; TweetDeck er ein aplikasjon for organisering av twittermeldingar, kontoar og søk.
Skjermdmp av Tweetdeck

lørdag 31. august 2013

Skral plattform

Ser at blogspot (som denne bloggen er laga i) slit med å vise kommentarfeltet i enkelte versjonar av Explorer. Ikkje heilt enkelt å få kommentarar då, men pytt - det er vel alltids nokon som brukar ein nettlesar der dei ser kommentarfeltet...