Eg ynskjer meg min eigen overgangsalder!Tenk å få ein spesiell alder der ein kan overgå seg sjølv eller andre eller kanskje ein berre kan bli overgått? Eigentleg så trur eg at eg er i overgangsalderen min akkurat no. Jepp! Det berre må vere slik. Eg har gått fram og attende med meg sjølv i år etter år (innimydlo er det andre som har gått saman med meg), sett meg over skuldra kvar gong eg har kryssa ein milepæl, men aldri tenkt at Jezz, - der var overgangsalderen min! - Ikkje før no. Men no føler eg det på meg - no er den her.
torsdag 29. august 2013
Overgangsalder
I og med at underteikna slentrar rundt med snabel, så er det ein del ting ein i utgangspunktet ikkje får med seg. Det kan vere struttande bryst, innovertiss eller overgangsalder. Dei to første kan eg godt vere forutan, men overgangsalder høyrest fint ut. Smak på det; overgangsalder, overgangsalder, alder der ein overgår - kva?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei, morsom og fin blogg du har laget. Jeg var inne på bloggen din tidligere, men da så den litt annerledes ut, har du endret layout?
Takk for kommentaren, Harald!
Ja, eg har endra på layout for å sjå om kommentarfelta då kjem fram. Men eg slit framleis med å få vist lenke til kommentarfeltet. Av og til kjem den fram - andre gonger ikkje..
Legg inn en kommentar