fredag 29. november 2013

Om å drite seg ut - nok

I denne bloggen skulle eg skrive om eit firma som har tabba seg ut på sosiale medier og så kome med min analyse om kva dei burde gjort. Eit søk på google sendte meg til ein artikkel som skildrar det som dei kallar "This Is The Most Epic Brand Meltdown On Facebook Ever". Historia handlar om Amy's Baking Company Bakery Boutique & Bistro som går i klinsj med selskapet Yelp som er eit internasjonalt selskap som vurderer kvaliteten til ulike tenesteleverandørar og Reddit som er eit medlemsbasert diskusjonsforum. Dette skjedde i mai i år og det såg ut som om restauranten grov si eiga grav. Etter at Yelp gav restauranten elendig karakter gjekk eigarane i strupen på Yelp via sine facebooksider. Fylgjene av det var at stadig meir negative og krasse kommentarar frå ulike nettroll vart lagt ut som svar på restauranten sine påstandar. Etter nokre timar eskalerte denne kommunikasjonen med meldingar frå restauranten som var hinsides all fornuft:

Så eigentleg skulle jo dette vere enkelt for meg. Det var jo berre å vise til at det sjeldan eller aldri fører noko positivt med seg viss ein prøver å forsvare seg ved å å rakke ned på andre på sosiale kanalar. Rådet mitt ville jo då vere først å ikkje gå inn på den type forsvarstaktikk og når så galt har skjedd, å krype til korset å beklage.

Men før eg konkluderte så tenkte eg at eg fekk sjekke statusen på denne restauranten si facebookside per dato. Rekna jo med at den var nedlagt, men at kanskje sida framleis var oppe og hadde nokre interessante sår...
Vart difor særs overraska når eg såg at både sida og restauranten framleis er oppe og går - og at eigarane no har fronta kampen på ny. Om enn i noko rolegare form, men like fullt: dei har tydelegvis satt seg som mål å pirke i giganten Yelp.

Under den heitaste striden hadde facebooksida deira i underkant av 3000 tilhengjarar. No har dei over 118 tusen likes. Ikkje overraskande i og med at dei er slakta nord og ned for strategien sin. Men kva skjer no? Faktisk kjenner underteikna eit snev av forviteskap og medkjensle for desse to stakkarane som ikkje veit sitt eige beste og som har satt seg opp mot både nettroll og gigantselskap. Viss eg skulle forville meg inn på deira område fysisk så ville eg garantert ha tatt meg ein tur innom denne berykta restauranten for å sjølv kjenne på den "elendige" servicen dei har. Og eg er ikkje åleine! Framleis er det mange reddik-kommentarar som meinar at eigarane er klin kokos, men stadig fleire stiller spørsmål ved testane og framgangsmåten til Yelp.

Så kanskje regelen om at ein skal legge seg flat og ikkje ta til motmæle i sosiale kanalar er svada? Viss ein berre er sta nok og held på sitt lenge nok?

Kampanjesider på FB

Hei og hå!
No har eg laga eit ide-konsept på ei kampanjeside på Facebook. Mi kampanjeside skal ta for seg lanseringa av boka "På halvfull stang?" av Ola Nordmann.

tirsdag 26. november 2013

Kva og kvifor måle di satsing på sosiale medier

Skulle du, på tross av alle mine advarslar, likevel velge å satse på sosiale medier som kanalar for dine interesser eller ditt firma, så lytt iallefall til desse velmeinte råd:

Som ein ropar i skogen får ein svar heiter det. Men kanskje får du ikkje det svaret du ynskjer eller kanskje får du ikkje svar i det heile. Ved å bruke ulike nettverkty kombinert med eigne refleksonar kan du langt på veg finne ut om du får svar og kva svar du får.

Buzzsumo er ei nettside som du absolutt ikkje treng å bry deg om. I utgangspunktet ei glimrande side der du kan søke fram ditt satsingsområde og få eit ryddig resultat som viser ei sortert liste med nettstader rangert ut frå kor mange delingar sida har på Google, Twitter, Linkedin og kor mange likes den har på Facebook. Det eg opplevde var at stort sett alle norske søkeord gav 0 match. Så her er nok kjeldematerialet alt for smalt til at programmet har nytteverdi. Som døme kan eg vise til at søk etter ordet "norge" den siste veka gav 10 lenketreff der fem av desse var til videoar levert av Adventistkyrkja i Bergen..

For skikkeleg å godgjere dei som har forvilla seg inn på sida di, kan du sørge for at eit popupvindauga sprett rett i fleisen på vedkomande når ho forlet sida di. Der kan du be vedkomande ryke og reise eller du kan oppmode ho om å registrere seg for å få meir informasjon. Nettsida Optionmonster viser veg om korleis dette skal gjerast. Dette gjer susen og du har sikra deg denne brukaren for evig og alltid :). Når me først er inne på den tekniske biten så bør du også vurdere å legge inn kode slik at sida di automatisk vert lasta på ny viss vedkomande prøver å lukke sida for godt.

Uff! Eg skulle jo kome med noko matnyttig. Men faktisk så er dei to tipsa eg no har referert dei to første tipsa i det eg trudde var seriøse tips til analysering av satsing på sosiale medier. Jf pkt 2 i mitt forrige blogginnlegg.

Så fant eg endeleg ei side som kanskje kjem med noko matnyttig når det gjeld analyse av some. Nettsida twtrland.com viser deg faktisk litt relatert info om bruk og nettverk i Twitter, Facebook og Instagram. Her kan ein søke fram kven det skulle vere og få fram statistikk på vedkomande sin aktivitet innan mediet. Her viser eg vår statsminister sin facebook- og twitterkonto.

Avslutningsvis vil eg sei at proffe analyseverktøy ala Google Analytics også gjer ein god jobb innan analysering av sosisale medier. Det er til sjuande og sist du som tolkar resultata som avgjer kor bra analysen skal bli.

Webressursar for måling av sosiale medier

ADVARSEL!
Sidene under pkt 1 og 2 har bra innhald men dårleg kultur. Sida opnar seg på ny når du prøver å lukke den.

Oppgåveteksten er å finne tre webressursar der ein kan analysere aktiviteten på sosiale medier OG dette skulle søkast fram via anten Linkeldn, Twitter eller RSS. Eg brukte Twitter og fant:
  1. 7 Multi-Plattform Social Media Analytic Tools

  2. Social Media Tips: 51 Irresistible Social Media Tool and Technology Tips

  3. Lessons In Social Media Analytics [Infographic]

Google analytics - analyseverkty av nettpubliseringar

Alle som har publikasjonar på nett ynskjer attendemelding på publiseringa. I tidlegare innlegg har me fokusert på brukarane sin respons via kommentarar anten direkte knytt til publikasjonen eller via ulike sosiale medier. I denne bloggen skal eg ta for meg eit verkty som analyserer nettbruken på gitte sider.

På nettsida https://www.google.com/analytics/ kan du registrere deg som brukar av statistikkverktyet Google analytics og legge inn nettsider du ynskjer å overvåke. Når du legg inn ei nettside vert det generert eit script som du kan legge inn i kjeldekoden til nettsida di. Når dette er gjort vil kontoen din på Google analytics presentere eit uttal av statistikkar basert på brukarane sin trafikk, geografi, nettverkty m.m.
Oversiktsbilete av mine sider på Google analytics

Eg har valgt å legge inn fire av sidene eg administrerer. På startsida på min konto vil eg då få oversikt over den unike nettrafikken på alle sidene i den tidsperioden eg har valgt. Startsida viser også kor lang tid i snitt kvar brukar har brukt på sidene. Google analytics tilbyr deg som brukar kontroll på kva du ynskjer skal bli vist på dine kontosider. Programmet er ekstremt fleksibelt og gjer deg god kontroll, men det tar litt tid å setje seg inn i all funksjonaliteten.

For meg som nettredaktør så er eg interessert i å vite:

  1. Kor mange brukarar som har frekventert sida mi innan ein tidsperiode
  2. Kor mange av desse brukarane er gjengangarar
  3. Kva sider har dei vitja
  4. Når på døgeret og kva vekedag har dei vitja meg
  5. Kvar kjem mine brukarar frå
  6. Kva søker dei etter på mine sider
  7. Kor lang tid brukar dei på
    1. kvar side
    2. heile sesjonen
  8. Kva medium brukar dei
  9. Kva sider kom dei inn til mi side frå
  10. Kva sider reiste dei til når dei forlot sida mi
Dei fleste av desse spørsmåla får eg svar på via analytics. Eit av spørsmåla eg stilte var jo kva dagar og til kva tider brukarane er på sidene. Eg ynskte også vite kor mange brukarar som er innom og kor mange som er gjengangarar. Illustrasjonane under viser desse opplysningane for først sundag 24. november og så måndag 25. november:

Ut frå desse opplysningane kan eg kjapt konkludere med at døgnfordelinga av brukarmassen er omlag lik både sundag og måndag sjølv om ein sundag har flest brukarar kl 20 medan ein måndag har dei fleste innom kl 17. Trafikken er meir enn det doble måndag i høve sundag. Eg ser også at det er mange fleire gjengangarar på sidene måndag enn sundag.

Desse opplysningane samsvarar godt med dei eg har frå det verktyet eg brukar til vanleg; Awstats. I og med at eg kjenner godt til Awstats sin presentasjonsform så trivest eg betre med den, men eg trur nok at Google Analytics gjer ein like god rapport. Kanskje kan eg bruke begge og la dei utfylle kvarandre? Awstats har samla all informasjonen på ei presentasjonsside medan Analytics er meir fleksibel med at ein gjer deg høve til å sy din eigen rapport.

Men uansett val av verktyleverandør - eit slikt verkty er særs viktig for å gje deg som leverandør av nettenester kontroll over korleis brukarane oppfører seg og dermed moglegheit til å justere di satsing ut frå brukarane sine behov og ynskjer.

mandag 4. november 2013

RSS - kjapt, tilpassa og effektivt

Som nettredaktør og webutviklar har eg nytta meg av RSS eller newsfeeds i mange år. Å kunne hente inn feeds frå ei temaside direkte inn på firmaet si webside eller intranett forenklar arbeidet til nettredaktøren / nettjournalistane. Alternativet ville vore å søke desse fram sjølv og så legge dei ut på nettsidene. Etter kvart har det utvikla seg gode RSS-lesarar slik at alle kan lage sine eigne søk og få desse presentert lokalt hjå seg sjølv. Det fine med det er du no kan lage di eiga nyhendeside der alt du har interesse av å vite om vert lagt inn på ei tilpassa visningsside for deg.

Negative eller positive kommentarar?

Oppgåveteksten seier noko om å vurdere det å kommentere blogginnlegg på twitter kontra i den opphavelege bloggen. Eg vel å vise til mine oppfatningar av kommentarkulturen generelt for å illustrere kva arena ein bør kommentere på og kanskje korleis ein bør kommentere.

Ser ein på kommentarar på ulike #SoMe-plattformar vil ein oppdage særs ulik kommentarkultur. På nettavisene sine kommentarfelt (jaudå - det er også sosiale medier) er 90% av kommentarane kritiske og negativt lada - spesielt innan sport. Kanskje derav namnet sportsidiot... :).

Når det gjeld kommentarar på twitter så har mange av desse også negative forteikn, men berre ein brøkdel i forhold til nettaviser. Sidan twitter er nettverksorientert i motsetning til nettaviser så vert mange av kommentarane på twitter relatert frå grupper til grupper. Meir som sladrekroken på kafeen - har du høyrt at.. Dei positive twitterkommentarane er ofte knytt opp mot noko representantar innan di gruppe har gjort, som til dømes når me kommenterer kvarandre sine bloggar som ei pålagt oppgåve i dette studiet. Det er ikkje mange av oss som legg inn syrlige kommentarar til våre medstudentar :)

Så har me to lune kommentararenaer; FB og Blogg. På Facebook får du berre gode kommentarar om kor flink, fin, god og snill du er. Bloggkommentarar krev derimot litt meir av den som kommenterer - det er liksom ikkje det store å få ein kommentar med tre hjarter og pluss for at du har brukt x antal teikn i bloggen. Det er sjølvsagt mange andre some-arenaer eg kunne tatt med - td YouTube, men det får bli ved eit seinare høve (denne skulle jo vere kort).

Fata morgana

Ordspel er kjedelege og treff sjeldan godt. Problemet med ordspel er som oftast at avsendar undervurderer mottakar og difor forklarar kva meininga med bruken er eller at ordspelet er så platt at det høyrer heime i småskulen.

Denne gongen skal eg prøve å vinkle innlegget mitt positivt og verkeleg dra fram gode døme på korleis ein kan nytte Facebook som marknadsføringsarena - trur eg...

Først ynskjer eg å dra fram ein liten godbit som viser at det faktisk er mogeleg å kome seg ut i den store verda via FB. FeelGood Store på Finnsnes (seier seg sjølv at den klesbutikken ligg der) har hatt suksess på FB. Faktisk har dei via sosiale medier skaffa seg kundar både i Oslo og Porsgrunn! Ikkje så mange, men likevel...

Så var det oppskrifta på det gode liv som Britt og Ceila her har funne ut av. Under her har eg kopiert/redigert/laga ei 8-punkts liste som kanskje kan hjelpe deg på vegen:

1. Opprett ei informativ og attraktiv FB-side
Hadde me stoppa ved første delen, så kunne jo dette punktet vore overkomeleg. Me kunne ha informert om opningstidene, om kven som arbeider hjå oss, om produkt og prisar og kanskje til og med litt kontaktinformasjon i tilfelle einkvan ynskjer å ta kontakt med oss utanom sosiale medier. Men så var det dette med attraktivitet då. Ho mor er stadig innom mi FB-side, men eg trur ikkje det er fordi sida mi er så attraktiv. Viss eg skal få andre sine mødre inn på sida så må eg nok ta nokre grep. Har eg kompetanse til å gjere sida attraktiv? Kva skal til for å få den attraktiv? Så allereie her under delpunkt 1 byrjar kronene å rulle. Eg må leige eit konsulentfirma som skal analysere kva som er kriteria for å få sida attraktiv og så må eg sikkert hyre inn eit designfirma som visualiserer det konsulentfrmaet har kome fram til.

2. Finn målgruppa di
Her kjem ho mor inn! Dette punktet kan eg kanskje ordne sjølv, eller? Kva viss eg veit at eldre damer er mi målgruppe - kva gjer eg så? Stiller opp med flyers og stands på møter i saniteten eller annonserer på Facebook med Facebook Ads?

3. Relevant og verdifull informasjon
Når du har funne målgruppa di må du vise at det du har å kome med er relevant for målgruppa. Her er det også ein del fallgruber. Viss du har produkt som målgruppa siklar etter så hadde du truleg ikkje hatt trong for ei FB-side for å marknadsføre produktet. Dermed balanserer du på ein knivsegg når du no skal fronte ditt produkt for målguppa di og likevel framstå som truverdig. Reine salslenker til din nettbutikk vil bli sett på som rein spam. Fokuser heller på å forklare kundane kvifor dei skal kjøpe dine produkt eller tenester. Som sagt litt vrient ut frå truverde, men stå på.

4. Deling
Det ligg nedarva hjå oss å dele. Me er eit folk av deling. Frå urtida så har me delt det me har mellom oss - etter kvart helst det me ikkje ynskjer sjølve, men likevel. Her er det mykje å hente i sosiale medier - akkurat fordi ein kan dele utan at ein ofrar noko sjølv. Skulle det vere nokre utrivlege sjeler som absolutt ikkje vil dele, så kan du legge inn ekstra pådrivarar for deling via konkurransar på sida. Sørg for at både dine nettsider og alle dine sosiale medie-sider er pepra med delingsknappar. Bladet frå Finnsnes kunne med fordel ha tripla rekka med delingsbrytarar.

5. Hallo! Nokon heime?
Det er ingen vits i å etablere seg på Facebook viss ikkje verksemda er til stades og tilgjengeleg for kundar og lesarar. Invester gjerne i ekstra skjerm i sentralbordet slik at resepsjonisten kan utnytte dødtida til å svare på alle spørsmåla som måtte kome, det vere seg produktklagar, kjeft, skryt, delingar, eller hjarterekker. Det er ikkje sikkert at du treng å vere pålogga 24 timer i døgeret for å sjå om det er kome innlegg/spørsmål, men viss du klarar det så vil det betale seg - iallefall på timesetelen. Viss ikkje så hugs at den mest aktive tida på FB er mellom kl 18 og 20 - då må du iallefall vere på plass, for det er ikkje god FB-kutyme å kommentere innlegg som er eldre enn 8 timar.

6. Relasjonsbygging
For tredje gong er ho mor på plass! Ein treng støttespelarar for å oppnå suksess på Facebook. Bygg relasjonar med andre innan din bransje, men styr unna direkte konkurrerande verksemder vel og merke viss ikkje du trur at du har eit betre tilbod enn dei. Aktuelle relasjonsarenaer kan vere fagblad (i mitt tilfelle Pensjonisten og KK), foreninger (Saniteten etc.), organisasjonar og nettsider som skriv om bransjen generelt. Lag ferdige artiklar og send desse ut som pressemeldingar. Journalistar har det like travelt som oss andre, så ferdige artiklar for trykk er ei gudegåve til bransjen. Her kan det kome nokre kostnader med innleige av tekstforfattar og fotograf, men truleg vil det betale seg.

7. Kommunikasjon
Bruk eit direkte, laust og ledig språk, kall ein spade for ein spade og svigermor for akkurat det. Legg på hjarterekker og smilefjes for å vise emosjon. Svar alltid på spørsmål og innlegg som krev svar, men hugs FB-kutymen om kommentarar på gamle innlegg (8-timars regelen). Ikkje slett konstruktiv kritikk - hrmm.. kva konstruktiv kritikk er får du sjølv vurdere.

8. Regelverk
Les Facebook sine retningsliner, og set deg inn i kva reglar som gjeld for marknadsføring på Facebook. Bygg strategiar etter kva som er lov, og ikkje lanser di Facebookside eller kampanje før du er sikker på at den følgjer Facebook sine retningsliner. Kontakt gjerne fagfolk på førehand, slik at du er sikker på at sida di følgjer reglane, men hugs at også advokatar og rådgjevarar (SoMe-ekspertar - mooaahahahaha... :) skal ha til salt i grauten.


Til slutt vil eg sende ein stor takk til Sigve som mi liste har tatt utgangspunkt i og henta idear frå. Håpar du ber over med at eg har tatt meg til rettes.

torsdag 31. oktober 2013

Så var det på'an igjen..

Spam på Twitter!Eg var så pumpa og dritlei alt som heiter sosiale medier som eg nokon gong har vore etter fullføring av oppgåve 2 (eg trur iallefall at eg har gjort oppgåve 2). No føler eg meg klar igjen til å ta fatt på det vidare arbeidet med faget sosial medier. Problemet mitt, eller kanskje det heller er ein force, er at eg ikkje har sansen og heller ikkje trua på sosiale medier som fornuftige kanalar. Eg trur at i den forma det no er, så vert det ein flopp for firma som kastar seg ut i denne formen for marknadsføring. For meg så virkar iallefall både twitter og facebook som spam-kanalar; eg får like mykje drit inn på dei kanalane som eg får på eposten (sjekk skjermdumpen til høgre).

Heldigvis er oppgåva no å skrive eit bra blogginnlegg - og det er eg ubeskjeden nok til å sei at eg kan. Det hadde vore verre viss det vart krevd å skrive eit blogginnlegg om kor bra sosiale medier er som marknadsføringskanalar. Men det er altså ikkje oppgåva. Ja, kva søren var oppgåveteksten igjen; "Forstå mekanismene i nettverksbygging med Twitter" - det var det, ja.

Hmmm... forstå nettverksbygging i twitter? Eg har i meir enn ein månad fulgt dei fleste av some-ekspertane som faglærar viser til i oppgåveteksten. Mine røynsler er at dei har danna ein intern klikk som hyper kvarandre om kor bra og kor viktig det er å vere aktiv på SoMe og då særskilt på twitter. Sjargongen viser også at dei fleste av desse ikkje ser på seg sjølv som ein hvermannsen - trur nok ikkje dei har løfta seg heilt opp til Han der oppe, men dei ser iallefall ikkje på seg sjølve som ein del av ålmenta :). Sidan min blogg er særs kritisk til SoMe-kanalar og spesielt dei såkalla SoMe-ekspertane, så slit eg litt med å dra fram døme frå mitt persongalleri - det ville vere særs ufint å gjere det.

Kva med nettverksbygginga?
Oh shit! Det var jo det som var spørsmålet. Sånn generelt så trur eg at nettverksbygginga på Twitter fungerer omlag på same måten som på Facebook. Viss du er ven med meg så er eg ven med deg.

KjellTechEg kan ikkje sjå nokon annan grunn til at KjellTech skulle følgje meg på Twitter enn at eg allereie følgjer han (litt stolt av den :). Og det er neste stikkord - mange av dei eg har snoka rundt er stolte av at dei har fått den og den som følgjarar. Difor vil ein gjerne følgje personar ein ser opp til - ikkje berre for å sjå om vedkomande har noko fornuftig å kome med, men også for kanskje å få vedkomande på si eiga followliste. Ein tredje faktor som dreg folk er interessefelt. Driv ein med pistolskyting så vil ein naturleg nok fylgje med andre aktørar innan same idretten.

Kva så med firma som kastar seg inn på twitter-arenaen eller på facebook. Kvifor skal eg ha interesse av dei? Det har du heller ikkje, difor må det godteposar til for å vekke interessa di. Du må få noko igjen for at du skal halde ut med SAS-reklame på din twitterkonto. Og desse godteposane eksisterer - firma som har suksess på SoMe brukar kanalane til å marknadsføre tilbod, konkurransar og god gamaldags gossip.

Då var det gjort! På ny har eg dradd både deg og meg djupt ned i dei svartaste SoMe-tankane. Og det kjem eg nok til å gjere igjen og igjen og igjen - viss du gidd å henge med.




søndag 22. september 2013

Strategi for Kvam bowlingklubb si satsing på sosiale medier

Underteikna har tatt seg til rettes og formulert eit strategidokument for Kvam bowlingklubb si satsing på sosiale medier. Dokumentet er kun mine tankar kring eit slikt dokument og har ikkje forankring i noko vedtak i Kvam bowlingklubb. Du finn dokumentet her:

søndag 15. september 2013

Kvifor ein bedriftsstrategi om bruk av sosiale medier?

Tenk grundig gjennom om innsatsen det krev er verd gevinsten det kan skape for di bedrift. Ikkje ombestem deg kort tid etter lansering.
Denne teksten kom på siste foilen i ein presentasjon av Adecco Norge si satsing på sosiale medier. Eg meinar den høyrer heime på første side. Hypen i dag er at alle skal og må vere til stades på desse kanalane: "Er du ikkje til stades vil samtalen om deg gå uansett. Kom deg på plass og ta styring på debatten!". Men det kostar å vere der. Kommunikasjon er eit fagfelt. Du bør ikkje la dine kontortilsette pusse opp bedrifta sine lokaler. Du bør heller ikkje la tilsette utan kommunikasjonskompetanse ta seg av kommunikasjonen på sosiale medier. Difor må ein først av alt vurdere opningsutsagnet om gevinsten vil stå i stil til innsatsen.

KjellTech sin SoMe-strategi er enkel og effektiv. Mange "seriøse" aktørar har same filosofi

Har du tatt steget og sagt at firmaet går for denne satsinga, så må strategiplan utarbeidast.
  • Planen må forankrast i leiinga
  • Kor mykje tid skal organisasjonen avsetje til SoMe
  • Økonomien for satsinga må på plass
  • Bedriftens kjerneverdiar og generelle målsetjing må også gjelde i denne satsinga
  • Klargjering av kva sosiale kanalar ein ynskjer å vere til stades på
  • Kommunikasjonsstab må opprettast
  • Kommunikasjonstaktikk må velgast
    • Skal ein lage spesialtilbod på sosiale medier
    • Skal ein spegle den offisielle nettsida
    • Skal ein legge ut kontaktinformasjon
    • Skal ein kommentere alle innspel
    • Skal ein sensurere innspel
    • Kven og kor mange skal representere firmaet
    • Skal dei som representerer firmaet visast med namn eller berre firmanamn
    • Kva responstid kan brukarane forvente
    • ...
Dette var berre eit ørlite innblikk i kva som må på plass før ein går digitalt med SoMe. Ser ein på fire ulike SoMe-arenaer som Facebook, Twitter, YouTube og Blogg, så vil satsing på alle desse krevje eit kobbel av fagfolk.
  • Facebook er ein arena der ein treng gode tekstforfattarar og dyktige fotografar.
  • Twitter er vel den kanalen der gud og kvarmann kan gjere jobben. Denne kanalen vert stort sett brukt som meldingsteneste og til å lenke til interessante artiklar, filmar etc. Utfordringa på denne kanalen er det ekstremt høge tempoet.

    Politiet i Hordaland utnyttar tempoet på Twitter til fulle
  • YouTube er absolutt den dyraste arenaen då dei aller fleste må kjøpe det ein ynskjer å publisere. Eg skal ikkje prøve å definere alle profesjonar som må på plass for å lage gode filmpresentasjonar.
  • Blogg er også ein arena der spesiell kompetanse er eit krav. Å skrive gode tekstar (bloggar) er ikkje noko ein er født med. Det krevst at språket er godt, rett og direkte. Her også vil ein ha trong for gode bilete levert av fotografar. Slik det ser ut per dato så er dette den tøffaste satsinga og den som gjer minst gevinst i forhold til innsatsen. Stadig fleire firma prioriterer ned satsinga på blogg.
Dette innlegget kan oppfattast som ein advarsel mot å lansere firmaet på SoMe, men NEI - det er ikkje det eg meinar. Innlegget mitt er meint som eit varsku om at det er særs krevjande å gå digitalt på SoMe og at ein difor må ta akkurat denne biten med strategiplan på alvor. Me er alle på ein eller anna SoMe-arena og derfor er det lett å tenke at dette får me til. Men du får ikkje eit profesjonelt resultatet i heimen viss du samlar famile og vener til dugnad og pussar opp. Men moro vert det jo :)

PS! 15 timar førespegla faglærar på øving 2. No manglar eg berre eit svar; oppgåve 4 der eg skal publisere min strategi på SlideShare, men eg trur eg har brukt nærare 60 timar så langt. Viss alle øvingane i SoMe vert like omfattande, vert det ikkje mykje tid att til dei fem andre faga i studiet. Kom gjerne med kommentarar både på innlegget og PS'en.

lørdag 14. september 2013

Fifty shades or fifteen to follow?

I faget Sosiale Medier på mitt HIST-studie har me fått som oppgåve å fylgje femten aktørar på twitter. Deira tweets skal underteikna kommentere i fortsetjinga av denne oppgåve 2. Under her har eg kommentert kvifor desse er valgt ut. Illustrasjonen til høgre er ein collage av alle desse sine profilsider. Ynskjer du å sjå nærare på nokre av dei, kan du klikke på lenketeksten til brukarkontoen for kvar og ein.

Her er dei 15 som eg har valgt å fylgje:
@stmarthinsen fekk meg på kroken fordi han hadde eit ekstremt engasjement under valet. Han titulerer seg som valanalytikar i sin profil.

@someliten tar såkalla SoMe-ekspertar på kornet og harselerer ein del med desse.

@hpnhansen er ein av dei @someliten harselerer med. Men hr. Hansen har sjølvironi nok til å ta denne vidare inn i sine bloggar/tweets.

@geirtangen er min bokbloggande bror som brukar sosiale medier for alt det er verd og kanskje litt til.

@trondheim og @bergenkommune har eg valgt sidan mitt daglege virke er som informasjonsmedarbeidar i ein kommune.

@hordalandpoliti er førebels den einaste twitterkanalen som har imponert meg. Dei sender ein straum med politimeldingar non stop.

@holmhelgesen valgte eg fordi eg var sikker på at han var ein av desse som prøver å skape seg eit namn og eit levebrød som sjølvutnemnt SoMe-ekspert, men eg er ikkje så sikker lenger..

@kabuso06 vert valgt fordi det er ein lokal/regional kulturinstitusjon som har eit aktivt forhold til sosiale medier.

@ceciliestaude kom inn i min kjerne fordi ho presenterte ei undersøking på BI relatert til SoMe.

@krohntraseth og @bentgjendem vekte mi interesse i ein tweetkonversasjon om nett- trollet.

@wallinga er eg usikker på kvifor eg tok med - tenker det var den tøffe profilsida :)

@KjellTech er jo prototypen på alle typar ekspertar; anten dei er på SoMe eller på dating.

@kjellan er med som alibi innan dibeduttar.

Fylg med, fylg med - dette kan bli kleint...

onsdag 4. september 2013

Frustrasjon over (a)sosiale medier

Eg kan ikkje hjelpe for det - eg er rett og slett råskeptisk til denne hypinga av sosiale medier. Eit drøss av "ekspertar" fråtsar som villmenn på twitter og hausar opp ålmenta for å vise kor viktig det er å vere akkurat der, kvar dag og helst til ei kvar tid. Er du ute i 5 minutt har du mista det viktigaste, men fortvil ikkje - det står alltid ein some-ekspert klar til å hjelpe. Heldigvis er det ein og annan som prøver å stikke fingeren i jorda, mellom anna twitterprofilen @someliten som harselerer med fokuset på #some.

Ei av dei som prøver å lage seg eit some-namn, heldt på å ta livet av underteikna i fleire år med epost på epost på epost der ho skreiv kor dyktig ho sjølv var til å halde kurs om websatsing. Det gjekk jo pinadø ikkje an å stoppe dama. No frontar ho seg sterkt i sosiale medier som "ekspert" :D. Ho heiter IKKJE Tina Gran. Ein anna facebook-ekspert har satt seg fore å samle heile kommunenorge på fjesbokji. Nyleg sendte han meldingar til samtlege kommunar der han viste til ei undersøking han hadde gjort om kor dyktige kommunane var på facebook. Det vanka premie til alle kommunar som hadde svart han; premien var ei sortert liste over kor mange "likes" kvar kommunale facebookside hadde - jeezez!!


Sidan det er oppgåva vår, så har eg kasta meg med som fotfylgjar av nokre "ekspertar". Men eg kan ikkje akkurat sei at innlegga deira bidreg til å fjerne min skepsis til sjølve #SOME-begrepet. Sosiale medier kan vere eit bra verkty for både firma, lag og organisasjonar og private, men med det fokuset og med den armadaen av "ekspertar" som fenomenet og spesielt twitter no har fått, så kvir eg meg rett og slett til faget.

Vel, vel - det er ikkje kvar dag eg er i dette humøret (heldigvis :).

For å kome med noko konstruktivt og ikkje berre eder og galle så kan eg tipse om eit greit verkty for å følgje med på twitter; TweetDeck er ein aplikasjon for organisering av twittermeldingar, kontoar og søk.
Skjermdmp av Tweetdeck

lørdag 31. august 2013

Skral plattform

Ser at blogspot (som denne bloggen er laga i) slit med å vise kommentarfeltet i enkelte versjonar av Explorer. Ikkje heilt enkelt å få kommentarar då, men pytt - det er vel alltids nokon som brukar ein nettlesar der dei ser kommentarfeltet...

fredag 30. august 2013

Forretningsmessig bruk av sosiale medier

No vart du skrømt, ja! At underteikna skulle kaste seg inn på eit så seriøst tema?
Vel, vel! Du skjønar sikkert at det er studierelatert. Ei av innleveringsoppgåvene mine i sosiale medier er å søke fram aktørar som viser til begrepet forventningsfaktorar som ein del av den forretningsmessige bruken av sosiale medier og så skal eg kommentere den i min blogg.

Eg har valgt Tine sin blogg om "sunnhet" Kva er så "forventningsfaktorar"? Det kan vel diskuterast, men i min leksjon har forfattaren vist til authenticity, transparency og engagement som han har tolka som truverde, gjennomsiktigheit og medverknad. Når eg ser på den nemnde bloggsida til Tine (dei har fleire ulike bloggsider som tek for seg ulike tema), så synest eg den scorar bra på alle dei tre felta truverde, gjennomsiktigheit og medverknad. Den har ein personleg tone (skribentane er på førenamn) og den ser ikkje ut til å filtrere vekk negative kommentarar. Faktisk støttar dei opp under slike kommentarar og lovar å undersøke nærare.

Går ein eit steg attende til TINE si hovudside, så ser ein at dei har tatt sosiale medier på alvor. Dei har ei eiga side med oppsummering frå det som skjer på deira sosiale sider og lenker til alle sine sider på ein ryddig måte.

ITfag-bloggen; kva er det?

Så har eg kasta meg ut i studienes verden på ny. Eit bachelorstudie i informatikk og informasjonsbehandling skal gjerast unna dei neste to åra. Eit av faga er sosiale medier der første oppgåve er å lage ein blogg (jepp - det er denne :). Så skal eg i denne bloggen kommentere ein anna blogg; ITfag-bloggen:

ITfag-bloggen er ein blogg drifta av HIST og den tar for seg tema som er aktuelle innan IT-studier ved høgskulen. Akkurat no har dei ein miniserie på 12 blogginnlegg gåande om programvaren Evernote; ei avansert digital notisblokk som er konkurrenten til Microsoft sin OneNote. Miniserien vert oppdatert nesten dagleg, men elles har bloggen ei håndfull innlegg per månad; reknar med at kundegrunnlaget for det meste er studentar og tilsette ved høgskulen. Mi mor er på ein måte ikkje i målgruppa :)

Det faglege innhaldet i bloggen virkar å vere solid og språket er tildels folkeleg. Når det gjeld mengden av kommentarar så er det heller tynt. På enkelte innlegg ser det ut til å vere ein del kommentarar, men så viser det seg at det berre er registrert blogginnlegg utan innhald. Enkelte innlegg har kommentarar som absolutt bidreg til å utvida horisonten. Til dømes innlegget om kva app-ar folk brukar.

Bloggen har ein undervisningstone, men ber også sterkt preg av selgermentalitet. Det kan vere fordi skribenten rett og slett er heilfrelst på produktet :). No må det seiast at eg har konsentrert meg om miniserien om Evernote. Sjølve utforminga av bloggsida er ryddig og heldigvis med svart skrift på kvit botn. Det som irriterer meg litt er at eg mistar oversikten over alle miniserieartiklane når eg vel å gå inn og lese kommentarar, men truleg er det eg som ikkje har gjort meg nok kjend med funskjonalitetane på sida.

torsdag 29. august 2013

Overgangsalder

I og med at underteikna slentrar rundt med snabel, så er det ein del ting ein i utgangspunktet ikkje får med seg. Det kan vere struttande bryst, innovertiss eller overgangsalder. Dei to første kan eg godt vere forutan, men overgangsalder høyrest fint ut. Smak på det; overgangsalder, overgangsalder, alder der ein overgår - kva?
Eg ynskjer meg min eigen overgangsalder!
Tenk å få ein spesiell alder der ein kan overgå seg sjølv eller andre eller kanskje ein berre kan bli overgått? Eigentleg så trur eg at eg er i overgangsalderen min akkurat no. Jepp! Det berre må vere slik. Eg har gått fram og attende med meg sjølv i år etter år (innimydlo er det andre som har gått saman med meg), sett meg over skuldra kvar gong eg har kryssa ein milepæl, men aldri tenkt at Jezz, - der var overgangsalderen min! - Ikkje før no. Men no føler eg det på meg - no er den her.