mandag 4. november 2013

Fata morgana

Ordspel er kjedelege og treff sjeldan godt. Problemet med ordspel er som oftast at avsendar undervurderer mottakar og difor forklarar kva meininga med bruken er eller at ordspelet er så platt at det høyrer heime i småskulen.

Denne gongen skal eg prøve å vinkle innlegget mitt positivt og verkeleg dra fram gode døme på korleis ein kan nytte Facebook som marknadsføringsarena - trur eg...

Først ynskjer eg å dra fram ein liten godbit som viser at det faktisk er mogeleg å kome seg ut i den store verda via FB. FeelGood Store på Finnsnes (seier seg sjølv at den klesbutikken ligg der) har hatt suksess på FB. Faktisk har dei via sosiale medier skaffa seg kundar både i Oslo og Porsgrunn! Ikkje så mange, men likevel...

Så var det oppskrifta på det gode liv som Britt og Ceila her har funne ut av. Under her har eg kopiert/redigert/laga ei 8-punkts liste som kanskje kan hjelpe deg på vegen:

1. Opprett ei informativ og attraktiv FB-side
Hadde me stoppa ved første delen, så kunne jo dette punktet vore overkomeleg. Me kunne ha informert om opningstidene, om kven som arbeider hjå oss, om produkt og prisar og kanskje til og med litt kontaktinformasjon i tilfelle einkvan ynskjer å ta kontakt med oss utanom sosiale medier. Men så var det dette med attraktivitet då. Ho mor er stadig innom mi FB-side, men eg trur ikkje det er fordi sida mi er så attraktiv. Viss eg skal få andre sine mødre inn på sida så må eg nok ta nokre grep. Har eg kompetanse til å gjere sida attraktiv? Kva skal til for å få den attraktiv? Så allereie her under delpunkt 1 byrjar kronene å rulle. Eg må leige eit konsulentfirma som skal analysere kva som er kriteria for å få sida attraktiv og så må eg sikkert hyre inn eit designfirma som visualiserer det konsulentfrmaet har kome fram til.

2. Finn målgruppa di
Her kjem ho mor inn! Dette punktet kan eg kanskje ordne sjølv, eller? Kva viss eg veit at eldre damer er mi målgruppe - kva gjer eg så? Stiller opp med flyers og stands på møter i saniteten eller annonserer på Facebook med Facebook Ads?

3. Relevant og verdifull informasjon
Når du har funne målgruppa di må du vise at det du har å kome med er relevant for målgruppa. Her er det også ein del fallgruber. Viss du har produkt som målgruppa siklar etter så hadde du truleg ikkje hatt trong for ei FB-side for å marknadsføre produktet. Dermed balanserer du på ein knivsegg når du no skal fronte ditt produkt for målguppa di og likevel framstå som truverdig. Reine salslenker til din nettbutikk vil bli sett på som rein spam. Fokuser heller på å forklare kundane kvifor dei skal kjøpe dine produkt eller tenester. Som sagt litt vrient ut frå truverde, men stå på.

4. Deling
Det ligg nedarva hjå oss å dele. Me er eit folk av deling. Frå urtida så har me delt det me har mellom oss - etter kvart helst det me ikkje ynskjer sjølve, men likevel. Her er det mykje å hente i sosiale medier - akkurat fordi ein kan dele utan at ein ofrar noko sjølv. Skulle det vere nokre utrivlege sjeler som absolutt ikkje vil dele, så kan du legge inn ekstra pådrivarar for deling via konkurransar på sida. Sørg for at både dine nettsider og alle dine sosiale medie-sider er pepra med delingsknappar. Bladet frå Finnsnes kunne med fordel ha tripla rekka med delingsbrytarar.

5. Hallo! Nokon heime?
Det er ingen vits i å etablere seg på Facebook viss ikkje verksemda er til stades og tilgjengeleg for kundar og lesarar. Invester gjerne i ekstra skjerm i sentralbordet slik at resepsjonisten kan utnytte dødtida til å svare på alle spørsmåla som måtte kome, det vere seg produktklagar, kjeft, skryt, delingar, eller hjarterekker. Det er ikkje sikkert at du treng å vere pålogga 24 timer i døgeret for å sjå om det er kome innlegg/spørsmål, men viss du klarar det så vil det betale seg - iallefall på timesetelen. Viss ikkje så hugs at den mest aktive tida på FB er mellom kl 18 og 20 - då må du iallefall vere på plass, for det er ikkje god FB-kutyme å kommentere innlegg som er eldre enn 8 timar.

6. Relasjonsbygging
For tredje gong er ho mor på plass! Ein treng støttespelarar for å oppnå suksess på Facebook. Bygg relasjonar med andre innan din bransje, men styr unna direkte konkurrerande verksemder vel og merke viss ikkje du trur at du har eit betre tilbod enn dei. Aktuelle relasjonsarenaer kan vere fagblad (i mitt tilfelle Pensjonisten og KK), foreninger (Saniteten etc.), organisasjonar og nettsider som skriv om bransjen generelt. Lag ferdige artiklar og send desse ut som pressemeldingar. Journalistar har det like travelt som oss andre, så ferdige artiklar for trykk er ei gudegåve til bransjen. Her kan det kome nokre kostnader med innleige av tekstforfattar og fotograf, men truleg vil det betale seg.

7. Kommunikasjon
Bruk eit direkte, laust og ledig språk, kall ein spade for ein spade og svigermor for akkurat det. Legg på hjarterekker og smilefjes for å vise emosjon. Svar alltid på spørsmål og innlegg som krev svar, men hugs FB-kutymen om kommentarar på gamle innlegg (8-timars regelen). Ikkje slett konstruktiv kritikk - hrmm.. kva konstruktiv kritikk er får du sjølv vurdere.

8. Regelverk
Les Facebook sine retningsliner, og set deg inn i kva reglar som gjeld for marknadsføring på Facebook. Bygg strategiar etter kva som er lov, og ikkje lanser di Facebookside eller kampanje før du er sikker på at den følgjer Facebook sine retningsliner. Kontakt gjerne fagfolk på førehand, slik at du er sikker på at sida di følgjer reglane, men hugs at også advokatar og rådgjevarar (SoMe-ekspertar - mooaahahahaha... :) skal ha til salt i grauten.


Til slutt vil eg sende ein stor takk til Sigve som mi liste har tatt utgangspunkt i og henta idear frå. Håpar du ber over med at eg har tatt meg til rettes.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Fantastisk! Husk å legge ut bilde fra Saniteten på Twitter.

Unknown sa...

Mange takk, Ole Anton!
Skal sjå om ikkje eg får tatt eit foto, men eg har litt problem med å finne ny blitz til instamatic-kameraet mitt :)