fredag 29. november 2013

Om å drite seg ut - nok

I denne bloggen skulle eg skrive om eit firma som har tabba seg ut på sosiale medier og så kome med min analyse om kva dei burde gjort. Eit søk på google sendte meg til ein artikkel som skildrar det som dei kallar "This Is The Most Epic Brand Meltdown On Facebook Ever". Historia handlar om Amy's Baking Company Bakery Boutique & Bistro som går i klinsj med selskapet Yelp som er eit internasjonalt selskap som vurderer kvaliteten til ulike tenesteleverandørar og Reddit som er eit medlemsbasert diskusjonsforum. Dette skjedde i mai i år og det såg ut som om restauranten grov si eiga grav. Etter at Yelp gav restauranten elendig karakter gjekk eigarane i strupen på Yelp via sine facebooksider. Fylgjene av det var at stadig meir negative og krasse kommentarar frå ulike nettroll vart lagt ut som svar på restauranten sine påstandar. Etter nokre timar eskalerte denne kommunikasjonen med meldingar frå restauranten som var hinsides all fornuft:

Så eigentleg skulle jo dette vere enkelt for meg. Det var jo berre å vise til at det sjeldan eller aldri fører noko positivt med seg viss ein prøver å forsvare seg ved å å rakke ned på andre på sosiale kanalar. Rådet mitt ville jo då vere først å ikkje gå inn på den type forsvarstaktikk og når så galt har skjedd, å krype til korset å beklage.

Men før eg konkluderte så tenkte eg at eg fekk sjekke statusen på denne restauranten si facebookside per dato. Rekna jo med at den var nedlagt, men at kanskje sida framleis var oppe og hadde nokre interessante sår...
Vart difor særs overraska når eg såg at både sida og restauranten framleis er oppe og går - og at eigarane no har fronta kampen på ny. Om enn i noko rolegare form, men like fullt: dei har tydelegvis satt seg som mål å pirke i giganten Yelp.

Under den heitaste striden hadde facebooksida deira i underkant av 3000 tilhengjarar. No har dei over 118 tusen likes. Ikkje overraskande i og med at dei er slakta nord og ned for strategien sin. Men kva skjer no? Faktisk kjenner underteikna eit snev av forviteskap og medkjensle for desse to stakkarane som ikkje veit sitt eige beste og som har satt seg opp mot både nettroll og gigantselskap. Viss eg skulle forville meg inn på deira område fysisk så ville eg garantert ha tatt meg ein tur innom denne berykta restauranten for å sjølv kjenne på den "elendige" servicen dei har. Og eg er ikkje åleine! Framleis er det mange reddik-kommentarar som meinar at eigarane er klin kokos, men stadig fleire stiller spørsmål ved testane og framgangsmåten til Yelp.

Så kanskje regelen om at ein skal legge seg flat og ikkje ta til motmæle i sosiale kanalar er svada? Viss ein berre er sta nok og held på sitt lenge nok?

Ingen kommentarer: