tirsdag 26. november 2013

Google analytics - analyseverkty av nettpubliseringar

Alle som har publikasjonar på nett ynskjer attendemelding på publiseringa. I tidlegare innlegg har me fokusert på brukarane sin respons via kommentarar anten direkte knytt til publikasjonen eller via ulike sosiale medier. I denne bloggen skal eg ta for meg eit verkty som analyserer nettbruken på gitte sider.

På nettsida https://www.google.com/analytics/ kan du registrere deg som brukar av statistikkverktyet Google analytics og legge inn nettsider du ynskjer å overvåke. Når du legg inn ei nettside vert det generert eit script som du kan legge inn i kjeldekoden til nettsida di. Når dette er gjort vil kontoen din på Google analytics presentere eit uttal av statistikkar basert på brukarane sin trafikk, geografi, nettverkty m.m.
Oversiktsbilete av mine sider på Google analytics

Eg har valgt å legge inn fire av sidene eg administrerer. På startsida på min konto vil eg då få oversikt over den unike nettrafikken på alle sidene i den tidsperioden eg har valgt. Startsida viser også kor lang tid i snitt kvar brukar har brukt på sidene. Google analytics tilbyr deg som brukar kontroll på kva du ynskjer skal bli vist på dine kontosider. Programmet er ekstremt fleksibelt og gjer deg god kontroll, men det tar litt tid å setje seg inn i all funksjonaliteten.

For meg som nettredaktør så er eg interessert i å vite:

  1. Kor mange brukarar som har frekventert sida mi innan ein tidsperiode
  2. Kor mange av desse brukarane er gjengangarar
  3. Kva sider har dei vitja
  4. Når på døgeret og kva vekedag har dei vitja meg
  5. Kvar kjem mine brukarar frå
  6. Kva søker dei etter på mine sider
  7. Kor lang tid brukar dei på
    1. kvar side
    2. heile sesjonen
  8. Kva medium brukar dei
  9. Kva sider kom dei inn til mi side frå
  10. Kva sider reiste dei til når dei forlot sida mi
Dei fleste av desse spørsmåla får eg svar på via analytics. Eit av spørsmåla eg stilte var jo kva dagar og til kva tider brukarane er på sidene. Eg ynskte også vite kor mange brukarar som er innom og kor mange som er gjengangarar. Illustrasjonane under viser desse opplysningane for først sundag 24. november og så måndag 25. november:

Ut frå desse opplysningane kan eg kjapt konkludere med at døgnfordelinga av brukarmassen er omlag lik både sundag og måndag sjølv om ein sundag har flest brukarar kl 20 medan ein måndag har dei fleste innom kl 17. Trafikken er meir enn det doble måndag i høve sundag. Eg ser også at det er mange fleire gjengangarar på sidene måndag enn sundag.

Desse opplysningane samsvarar godt med dei eg har frå det verktyet eg brukar til vanleg; Awstats. I og med at eg kjenner godt til Awstats sin presentasjonsform så trivest eg betre med den, men eg trur nok at Google Analytics gjer ein like god rapport. Kanskje kan eg bruke begge og la dei utfylle kvarandre? Awstats har samla all informasjonen på ei presentasjonsside medan Analytics er meir fleksibel med at ein gjer deg høve til å sy din eigen rapport.

Men uansett val av verktyleverandør - eit slikt verkty er særs viktig for å gje deg som leverandør av nettenester kontroll over korleis brukarane oppfører seg og dermed moglegheit til å justere di satsing ut frå brukarane sine behov og ynskjer.

Ingen kommentarer: